Leirdal Foto

FILTER   FOTOTIPS   LADING   REINGJERING

F I L T E R

Til digitalfotografering treng du berre fylgjande filter:
  1. Filter som vernar objektivet.
  2. Polafilter, til fjerning av refleksar og for å få fyldigare fargar.
  3. ND-filter, for å få lang eksponeringstid.
L A D I N G
R E I N G J E R I N G

Rekkjefylgje for reingjering av linseoverflater (stogg so snart overflata er rein):
  1. Blås med blåsebelg.
  2. Kost med støvbørste.
  3. Turk av med microfiberklut.
  4. Pust på overflata slik at ho doggar og turk med microfiberklut.
  5. Ha rensemiddel (ein drope eller ein sprut) på microfiberkluten og turk med roterande rørsler. NB! Ha aldri reinsemiddel rett på objektivet!
F O T O T I P S

FILTER

UV-filter: Vernar objektivet mot støyt og væskesprut. Kann ogso bidra litt til å redusera dis.

Polafilter: Gjev kraftigare fargar på himmel og vegitasjon, mest virkning om soli kjem inn frå sida. Vri på filteret til dess du fær ynskt virkning. Fjernar ogso refleks i vassoverflater.

Gråfilter (ND): Gjev lenger eksponering, fint for fotografering av rennande vatn. Du må då bruka stativ. Men er det vind, vil vegitasjonen kunna bli uskarp, so ta ogso eitt bilete utan filteret. Dermed kann du ved å legga dei saman behalda det beste i båe bileti.


stativ

STATIV

Mjukt underlag: Dersom underlaget er mjukt må du prøva å klemma stativføtene nedi. Det kann ogso hjelpa å spre føtene utover slik som vist på biletet (dersom du hev den typen stativ). Du kann ogso henga fotobagen/sekken under stativet for å gjera det stødigare.

Midtsøyla må vera heilt nede. Ho bør berre vera oppe når du held i kameraet medan du fotograferer.

Fjernutløysar: Dersom du ikkje hev snorutløysar eller fjernutløysar kann du bruka sjølvutløysaren.

Stativ med ein fot: Dersom du skal ta bilete av ting i rørsle kann eit einfotstativ vera bra å bruka. Eit vanleg stativ kann ogso fungera på same måten dersom du let vera å slå ut føtene, og trekker ut berre ein fot.


UYNSKTE DETALJAR

Enklaste måten å fjerna uynskte detaljar på er å bruka klonestempelet eller t.d. Spot Healing Brush Tool. Men dersom bakgrunnen er himmel eller skyer, og du vil ha vekk t.d. straumleidningar og stolpar, kann det vera vandt å fenga det fint til. I slike tilfelle kann det vera lurare å taka tvo bilete med litt ulik ståstad. (Kameraet må stå på M, slik at båe bileti feng lik eksponering, og dersom du ikkje brukar RAW må ogso fargetemperaturen stå på manuell.) Ta eitt bilete oppreist og eitt medan du hukar deg ned og nokre steg til sides. Deretter legg du bileti oppå kvarandre (med bakgrunnane på nøyaktig same stad) i Photoshop el.l. og viskar vekk straumleidningane og stolpane på det øverste biletet. Deretter legg du bileti saman (flatten image) og finpussar med klonestempelet. Reinskjer rundt kantane.


stativ

FARGELEGGING AV SVARTKVITTBILETE

Denne rettleiingi gjeld for Photoshop CS2. Hev du ein annan variant er det ikkje sikkert det som stend her stemmer heilt. Punkt 3 kann du evt. hoppa over. (Tips: Hev du eit fargebilete med heilt øydelagde fargar, kann du gjera det om til svartkvitt og deretter fargelegga det.)
  1. Opna biletet i Photoshop.
  2. Om biletet t.d. heiter skog, lagrar du det no som Photoshop eller TIFF, og endrar namnet til skog_farge.
  3. Gjer biletet om til 48 bit (Image - Mode - 16 Bits/Channel). Pass på at RGB Color er valt.
  4. Marker eit parti i biletet med Lasso eller Magnetic Lasso.
  5. Opna Layers (Window - Layers).
  6. Klikk på rundingen som er halvt svart / halvt kvit. Klikk på Solid Color. Vel ein høveleg farge.
  7. Klikk der det står Normal og vel Overlay eller Color.
  8. Vel Brush Tool og finjuster kantane på det fargelagde feltet. Kvitt for å legga til, svart for å ta vekk.
  9. Dobbelklikk på fargefeltet ved Color Fill og finjuster fargen.
  10. Marker neste felt du vil fargelegga (med Lasso) og gjenta frå punkt 6.
Når du er ferdig legg du saman lagi (Layer - Flatten Image) og lagrar biletet som TIFF og endrar namnet til skog_farge_ok. Vil du lagra det som JPEG må du fyrst endra det til 24 bit (Image - Mode - 8 Bits/Channel).


stativ

TIL FJELLS

Skal du til fjells på fotografering, må du hugsa å ta med ekstra kamera­batteri og minnekort. Eit lett men stødig stativ kann ogso vera godt å ha.
I tillegg må du ha med deg:
  1. Mat og drikke.
  2. Mobiltelefon med fullada batteri. Last ned naudapp frå Norsk Luftambulanse. >>
  3. Kompass, samt kart dersom du ikkje er kjend der du skal. Naturlegvis hev du kart og GPS på mobil­telefonen, men dersom han sviktar er papirkart og kompass kjekt å ha.
  4. Fyrtøy. T.d. fyrstikker og ripeflate i ein filmboks.
  5. Vanleg plaster og gnagsår­plaster.
  6. Halstabletter eller vanlege drops. Godt å ha om du byrjar hosta.
  7. Lommespegel (om du fær rusk i eit auga).
  8. Pinsett og nål (om du t.d. fær flis i ein finger).
  9. Baby wipes og litt toalettpapir.
  10. Naudteppe. Isolerer mot kulde (gull­sida ut) og varme (sølv­sida ut). T.d. frå AliExpress. >>
  11. Naudfløyte. (Er gjerne innebygd i eit spenne på sekken.)
  12. Diodehovudlykt med ekstra batteri.
  13. Lommeverktøy (med knivblad, tong, sag, fil etc).
Du må naturlegvis vera godt klædd (hugs hue og vottar) og bruka gode fjellstøvlar.