|
|
|
|
Passbilete
Du treng ikkje bestilla time til å få teke passbilete.
Prisen er kr. 115,-.
Du fær 6 like bilete i farge eller svart-kvitt. (Du kann få fleire bilete med det same, til kr. 5,- pr. stk.)
Storleiken er 3,5 x 4,5cm.
Det tek vanlegvis ca. 5 minuttar.
Me tek ikkje bilete til pass eller førarkort for køyretøy (det fær du ordna hjå Politiet/Biltilsynet).
Me tek ikkje bilete av ungar som er so småe at dei ikkje klarar å sitja oppreist; i sofall kann du gjera fylgjande:
Legg ungen på eit teppe på golvet med noko kvitt under hovudet, stå rett over ungen og tak bilete (med blitzen påslegen).
Tak fleire bilete til dess du fær
eitt der ungen hev augo opne, munnen att og andlitet beint mot kameraet.
NB! Hav hovudet plassert midt i biletet og tak med rikeleg rundt, gjerne heile ungen, me tek rett utsnitt.
Tak med minnekortet (eller legg biletet inn på ein minnepenn i ei eigi mappe), so lagar me passbilete på 5 minuttar.
Me kann ogso laga passbilete i storleik 5 x 5cm. Du fær då 4 like bilete i farge eller svart-kvitt. Prisen er kr. 139,-.
|